Senioruniversitetet Kvinnherad (21)

 

mandag, 08 september 2014 16:30

Kvinnherad Senioruniversitet byr på nye foredrag

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Etter ein vellukka augusttur til Tønnegarden i Fusa held vi fram med haustprogrammet. Torsdag 18.september blir det foredrag av prof. Harald Kryvi:

 Overbefolkning: Vårt viktigaste problem – og vårt største tabu

Etter Kryvi si meining er dette det desidert viktigaste problemet vi står overfor i verda i dag. Talet på menneske på jorda aukar med om lag 220 000 kvart døger. Det vil seie at vi blir  76 millionar fleire kvart år. Vi har på 85 år auka frå 2 milliardar til 7 milliardar menneske. Dette meiner Kryvi er årsaka til ei rekke problem både for menneske og natur – t.d. regionale konfliktar, fattigdom, svolt og ikkje minst miljøproblem, inkludert klimaproblemet. Merkeleg nok er det nesten ingen som viser særlig lyst til å diskutere dette, seier Kryvi. I foredraget gjennomgår han årsakene til overbefolkning, effektane av overbefolkning, og diskusjon om kva som bør (og kan) gjerast.  

Harald Kryvi er utdanna zoolog, og arbeider særlig med fiskeanatomi. Han har vunne fleire prisar for framifrå formidling av forskingsresultat, m.a. Meltzerfondet sin pris i 2011 og Bonnevieprisen i 2013. Kryvi  er æresmedlem av Norsk biologforening. Vidare er han aktiv som biletkunstnar.

Vi ønskjer alle vel møtt til eit tankevekkjande foredrag.

Grethe Brundtland

torsdag, 01 mai 2014 09:51

HAUSTPROGRAMMET 2014

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Kvinnherad Senioruniversitet startar haustsesongen 2014 med dagstur til Tønnegarden i Holmefjord den 21. august. På haustprogrammet står og  4 føredrag. Du finn heile programmet ved å klikka på tittelen ovafor. Velkomne til arrangementa våre!

Me skifter til vanleg mellom indre Kvinnherad (Rosendal) og ytre Kvinnherad (Husnes) som møtestader, men kan også ved nokre høve nytta andre stader.
Møta vert stort sett haldne mellom kl. 1100 og 1300.

Sist redigert tirsdag, 24 juni 2014 08:35
Monday the 22nd. Designet av Ornell data
//
Free Joomla 2.5 templates by New Poker Reviews